«Sang til Bergen» med undertittelen «Udsigter fra Ulrikken» er bysongen til Bergen. Songen er òg kjend under namna «Bergenssangen», «Bergensiana», «Jeg tok min nystemte» og på folkemunne berre «Nystemten». Ulriken er eit av dei sju fjella kring Bergen.
Teksten er skriven av den trønderske presten, politikaren og diktaren Johan Nordahl Brun i høve ein festleg samankomst i 1775. Nordahl Brun var då sokneprest ved Krosskyrkja i Bergen og han vart seinare biskop i Bergen.[1]
Melodien er frå ein gammal franskmenuett, truleg komponert av Lully. Menuetten vart nytta i komedien Jean de France av Ludvig Holberg, og Brun kjende truleg melodien derfrå. Tsjekkaren F. X. Dušek er òg nemnd som ein mogeleg opphavsmann til melodien, fordi han nytta ein liknande folkemelodi i eit av verka sine.
Songen vert mykje sungen både i offentlege og private samanhengar, og i Bergen er det god skikk å synge han ståande.
Det har vore reist tvil om Brun faktisk var på toppen av Ulriken, men ein kjenner til at han skal ha gått på ski i Byfjella og til toppen av Lyderhorn.