Royal Bay er ei bukt mellom Cape Charlotte og Cape Harcourt langs nordkysten av Sør-Georgia.[1]
Som andre delar av øygruppa hekkar mange fugleartar her, som kongepingvin, bøylepingvin og knoppskarv.
Historie
Royal Bay vart ho oppdaga og namngjeven av ein britisk ekspedisjon under James Cook i 1775.[2]
I 1882 vart ei tysk gruppe under Det internasjonale polaråret under Schrader sendt ut for å observere Venuspassasjen frå Royal Bay. Dei heldt til på nordsida av bukta 1882-83. Gruppa kom inn på «Moltke», som var det første motordrivne fartøyet som nådde Sør-Georgia. Moltke Harbour, ei bukt på nordvestsida av Royal Bay er kalla opp etter skipet.[3]
Kjelder