Knoppskarv

Knoppskarv
Knoppskarvar på Antarktishalvøya.
Knoppskarvar på Antarktishalvøya.
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av knoppskarv
Utbreiinga av knoppskarv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Knoppskarv L. atriceps
Vitskapleg namn
Leucocarbo atriceps

Knoppskarv[1] (Phalacrocorax atriceps) er ein fugl i skarvefamilien. Fuglen lever på dei subantarktiske øyane, på Antarktishalvøya og i det sørlege Sør-Amerika.

Knoppskarven kan bli opp til 78 cm lang og vega opp til 3,5 kg. Fjørdrakta er svart på størsteparten av kroppen, bortsett frå den kvite fargen på halsen og magen. Han kan kjennast att på ein ring med blå hud rundt augo, rosaaktige føter og ein guloransje knopp over nebben; difor det norske namnet. Arten kan delast inn i mange underartar med varierande utsjånad.

Knoppskarven lever i store koloniar på område som han gjerne deler med klippehopparpingvin, svartbrynalbatross og magellanskarv. Fuglane er monogame og lagar reir av tang, gras, gjørme og guano. Vanlegvis legg dei 2-3 egg som blir klekka ut etter ca. 5 veker. Foreldra byter på ruginga. Fuglane lever av småfisk, blekksprutar, sniglar, krepsdyr og børsteormar.

Kjelder

Fotnote

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!