Roar Strand (fødd 2. februar 1970 i Trondheim) er ein norsk fotballspelar. Han spelar normalt indreløpar på Rosenborg Ballklub, og har ved byrjinga av 2006-sesongen scora 75 mål på 347 kampar i Tippeligaen – Noko som gjer han til den med flest kamper i den øvste divisjonen i Noreg gjennom alle tider. Han har òg spelt 42 A-landskampar for Noreg og 67 kampar i Champions League med totalt 11 mål.
Strand var juniorspelar i Nardo, og debuterte for Rosenborg i 1989. Dei fyrste sesongane i Rosenborg fekk han lite speletid, men han spelte likevel nok kamper til å verta seriemester med klubben i 1990 og 1992. I 1993 vart Strand utlånt til Molde, og det var her han etablerte seg som ein av dei beste spelarane i den norske serien.
I 1994 returnerte Strand til Rosenborg, der han no fekk fast plass på laget. Han debuterte på landslaget i ein treningskamp mot Sverige same året, og var òg med i den norske VM-troppen, utan at han fekk speletid. Han fekk derimot spela under VM i Frankrike fire år seinare, og i EM i Belgia og Nederland i 2000.
På klubbnivå har Strand vorte seriemeister heile 13 gonger, noko som er norsk rekord. Han har òg deltatt i Meisterligaen i heile ni sesongar. I kontrast til mange andre profilerte fotballspelarar frå same periode, har Strand aldri spelt for en utenlandsk klubb. Han har i staden takka nei til fleire profftilbod, og vore lojal mot Rosenborg.
(Sist oppdatert 9. januar 2006)
* Berre seriekampar.