Regn

Regn

Regn er ei form for nedbør, og oppstår når vassdropar fell frå skyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og til fordampe før dei når overflata. Dette blir kalla virga, eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenområde. Regn oppstår som følgje av kondensasjon og veks ved hjelp av koalesens og ein prosess kalla Bergeronprosessen.

Regn i naturen

Regnbyge i Danmark

Vasskrinslaupet

Regn har ei stor rolle i vasskrinslaupet, der fukt frå havet fordampar og kondenserer til skyer, for så å falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem òg frå vegetasjon.

Måling av regn

Regnmengda blir målt med ein nedbørmålar, og vanlegvis uttrykt i millimeter. Nedbøren blir målt i løpet av ein tidsperiode, som regel 12 eller 24 timar (eit nedbørdøgn). Visst det kjem 1 mm regn på 1000 m2 svarar det til 1 m3 eller 1 tonn vatn. 1 mm regn fordelt på ein kvadratmeter er altså 1 liter vatn. I Noreg blir nedbørmålarane tømt til faste tider kvar dag og vidareformidla til Meteorologisk Institutt. I tillegg har ein automatiske nedbørmålarar (pluviometer) som registrerer nedbøren fortløpande.

Form og oppbygging

Fallande regndropar blir ofte teikna som ei tåre  — runde i botn og smalare på toppen — men dette er ikkje rett. Berre dropar som dryp frå ein lekam er tåreforma i det dei blir danna. Små regndropar er nesten runde, medan større dropar er heilt flate med same form som ein hamburgar. Svært store regndropar har form som ein fallskjerm.[1] Philipp Lenard studerte forma på regndropar i 1898. Han fann ut at små regndropar (mindre enn 2 mm i diameter) var så godt som sfæriske, og jo større dei blei (til om lag 5 mm i diameter) jo flatare vart dei. Vart dei større enn 5 mm blei dei ustabile og delte seg opp. I snitt er regndropar 1 til 2 mm i diameter. Dei største regndropane som er registrert var så store som 10 mm, mellom anna i Brasil og på Marshalløyane i 2004. Dette blei forklart ved kondensasjon på store røykpartiklar eller ved kollisjon mellom dropar i små område med store mengder flytande vatn.

Regndropar

Regndropar treffer bakken med terminalfarten sin som aukar med dropestorleiken. I havnivå utan vind vil yr med ein dropestorleik på 0,5 mm ha ein fart på om lag 2 m/s, medan dropar på 5 mm har ein fart på rundt 9 m/s.

Generelt har regn ein pH like under 6. Dette kjem av at atmosfærisk karbondioksid blir løyst opp i vassdropane og dannar små mengder med kolsyre, som senkar pH-verdien. I enkelte ørkenområde kan støv i lufta føre til kalsiumkarbonat i dropane som nøytraliserer syra, slik at regndropane kan bli nøytrale og til og med basiske. Regn med pH under 5,6 blir rekna som sur nedbør.

Regn og lyn

Av og til kan ein merke at det regnar kraftigare like etter eit lynnedslag. Dette kjem av bipolaspektet i vassmolekyl. Det intense elektriske og magnetiske feltet som lynet genererer tvingar vassmolekyla i den nærliggande lufta inn i rekkjer. Desse molekyla dannar då trådar med vatn, og når det elektriske og magnetiske feltet forsvinn, dannar desse vasstrådane dropar som så fell som intenst regn.

Klassifisering

Ein kan klassifisere regn på forskjellige måtar. Regndropar som er mindre enn 0,5 mm i diameter og fart på rundt 2 m/s eller mindre vert kalla yr. Yr kan igjen kategoriserast som lett, moderat eller kraftig, alt etter sikten. Større dropar, eller mindre dropar med stor avstand mellom seg, blir klassifisert som regn. Dette kan igjen kategoriserast som svakt, moderat eller kraftig, alt etter mengde og sikt.

I Noreg, og i nokre andre land, definerer ein òg nedbør etter kva skyer dei fell frå. Regn fell då frå stratiforme skyer, særleg stratus og altostratus som då blir kalla nimbostratus om det fell regn frå dei. Desse skyene og regnet som kjem frå dei dekker ofte store område, og kan vere relativt langvarig. Regn som fell frå cumuliforme skyer vert kalla regnbyer. Regnbyer er ofte lokale og varer kanskje berre eit par minutt. Enkelte byger kan derimot vere svært kraftige, særleg i samband med torevêr. Ofte kan det vere lange periodar med opphald mellom byene, men med stor skytettleik kan byene kome med korte mellomrom eller gå over i kvarandre.

Vedvarande regn kan føre til flaum over store område, medan kraftige byger kan føre til brå, lokale flaumar.

Av og til kan underkjølte vassdropar falle frå skyer som underkjølt regn. Når desse dropane, som har temperatur under frysepunktet, treffer bakken vil dei momentant fryse til is.

Effekt på jordbruk

Nedbør, og særleg regn, har ein stor effekt på jordbruk. Med få unntak treng alle planter litt vatn for å overleve. Både for mykje og for lite regn kan derimot vere skadeleg og øydelegge avlingar. Tørke kan ta livet av store avlingar, medan svært vått vêr kan føre til sjukdom og skadeleg sopp. Forskjellige planter treng forskjellige mengder regn for å overleve. Ein kaktus treng til dømes svært lite vatn, medan tropiske planter vanlegvis treng hundrevis av millimeter for å overleve.

Menneskeleg påverknad

Forureining frå menneskelege kjelder, som til dømes bileksos, dannar små kondensasjonskjernar som kan føre til auka skydekke og dermed auke sjansen for regn. Trafikk fører til auka forureining gjennom ei vanleg veke, og dette gjer at sjansen for regn òg aukar. I urbane strøk er derfor ofte laurdagen den dagen i veka det regnar mest, fordi forureiningsmengda har samla seg opp i løpet av dei fem arbeidsdagane. Spesielt gjeld dette i kystnære område. I store byar på austkysten av USA er det 22 % større sjans for regn på laurdagar enn på måndagar.[2][3]

Lukta etter regn

Lukta ein stundom kan kjenne etter regn vert kalla petrichor og kjem frå ei slekt av aktinobakteriar, Streptomyces, i ordenen Actinomycetales. Lukta kjem mellom anna av geosmin, eit alkoholprodut desse jordbakteriane lager når dei blir tilført væte etter tørke. Noko av lukta kan òg kome frå plantemateriale etter ein lengre tørkeperiode, til dømes planteolje dei sondrar ut for å verna seg mot uttørking.[4] I torevêr kan òg lyn gje opphav til ozon som gjev lukt før regnet kjem.

Petrichor kjem av dei greske orda petra, som tyder stein, og ichor, som i følgje gresk mytologi er den eteriske væska som flyt i årene til gudar.[5]

Kunstig regn

Det har vore mykje diskusjon om det er mogeleg å danne kunstig regn, ein teknikk som blir kalla «å så skyer». I følgje denne teorien kan ein sprøyte kjemikaliar som sølvjodid eller tørris inn i skyer og små vassdropar vil så fryse på desse partiklane. Desse vil så falle ned til jorda og smelte på vegen.

Regn i kulturen

Rue de Paris, temps de pluie (1877) av Gustave Caillebotte .

Mange stadar i verda, og særleg i den vestlege verda, blir regn ofte sett på som noko trist og negativt, i motsetnad til sol. Enkelte meiner derimot at regn kan vere avslappande og koseleg. I tørre område av verda set ein derimot som regel stor pris på regn. I delar av Afrika, India og Midtausten blir regn motteke med stor glede. I Botswana har dei same ord for regn og pengar («pula»), og viser med det kor viktig regnet er for økonomien i landet.

Mange kulturar har utvikla metodar for å halde seg tørre i regnvêr, til dømes paraplyar og regnklede i tillegg til rennesteinar, kumlokk og avløp som fører regnet bort frå overflata. Mange vel òg å halde seg innandørs når det regnar, særleg i tropiske område der regn vanlegvis kjem i lag med kraftig torevêr eller under monsunen der det kan regne svært, svært kraftig.

Regn i Noreg

Bergen er kjend for ha mykje regn og i lag med Førde er dette dei byane i Europa der det regnar mest (2000-3000 mm). Dette kjem av at Vestlandet ofte har vestleg vind, skapt av alle lågtrykka som kjem inn frå vest. Lågtrykka sender frontar inn mot Vestlandet og dette fører til ein god del regn, samtidig som den vestlege vinden fører til at luft blir løfta over fjella og skapar orografisk nedbør. Til saman gjev desse to fenomena dei store nedbørmengdene ein har på Vestlandet.

Galleri

Regn i Ystad 15. juni 2019
Eit panoramabilete som viser glimt av blå himmel til venstre og regn til høgre.

Sjå òg

Kjelder

  1. Alistair B. Fraser (15. januar 2003). «Bad Meteorology: Raindrops are shaped like teardrops». Pennsylvania State University. Arkivert frå originalen den 7. august 2012. Henta 7. april 2008. 
  2. Kare Utaaker (1991). Mikko- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala. Alma Mater. ISBN 9788241900631. 
  3. R.S. Cerveny & R.C. Balling (6. august 1998). «Weekly cycles of air pollutants, precipitation and tropical cyclones in the coastal NW Atlantic region». Nature 394 (6693): 561–563. Bibcode:1998Natur.394..561C. doi:10.1038/29043. 
  4. Geir Ottar Fagerlid (30. mai 2016), «Kvifor luktar regnet?», Yr.no 
  5. Aarnes, Halvor (10. juni 2014), «Lukten etter regn», Store norske leksikon, henta 7. juli 2014 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Regn

Read other articles:

Den här artikeln har skapats av Lsjbot, ett program (en robot) för automatisk redigering. (2014-07)Artikeln kan innehålla fakta- eller språkfel, eller ett märkligt urval av fakta, källor eller bilder. Mallen kan avlägsnas efter en kontroll av innehållet (vidare information) Brachiaria perrieriSystematikDomänEukaryoterEukaryotaRikeVäxterPlantaeDivisionKärlväxterTracheophytaKlassEnhjärtbladiga blomväxterLiliopsidaOrdningGräsordningenPoalesFamiljGräsPoaceaeSläkteBrachiariaArtBra...

 

Greatest Hits (Mötley Crüe album) redirects here. For the 2009 reissue, see Greatest Hits (2009 Mötley Crüe album). 1998 compilation album by Mötley CrüeGreatest HitsCompilation album by Mötley CrüeReleasedOctober 27, 1998 (1998-10-27)Recorded1981–1998Genre Heavy metal glam metal hard rock Length73:56Label1999 Masters 2000, Inc.Mötley Crüe chronology Generation Swine(1997) Greatest Hits(1998) Supersonic and Demonic Relics(1999) Professional ratingsReview sco...

 

Sporting event delegationFinland at the2022 Winter OlympicsFlag of FinlandIOC codeFINNOCFinnish Olympic CommitteeWebsitewww.olympiakomitea.fi (in Finnish)in Beijing, China4–20 February 2022Competitors94 (50 men and 44 women) in 9 sportsFlag bearer (opening)Valtteri FilppulaFlag bearer (closing)Krista PärmäkoskiMedalsRanked 16th Gold 2 Silver 2 Bronze 4 Total 8 Winter Olympics appearances (overview)1924192819321936194819521956196019641968197219761980198419881992199...

هذه المقالة بحاجة لصندوق معلومات. فضلًا ساعد في تحسين هذه المقالة بإضافة صندوق معلومات مخصص إليها. هذه المقالة يتيمة إذ تصل إليها مقالات أخرى قليلة جدًا. فضلًا، ساعد بإضافة وصلة إليها في مقالات متعلقة بها. (نوفمبر 2019) الاستدامة الحسابية هو مجال واسع يحاول تحسين الموارد الاجت

 

2023 Singaporean film The King of Musang KingTheatrical release posterTraditional Chinese貓山王中王Simplified Chinese猫山王中王Hanyu PinyinMāo shān wáng zhōng wáng Directed byJack NeoScreenplay byJack NeoIvan HoStory byJack NeoIvan HoProduced byJack NeoStarringJack NeoYeo Yann YannMark LeeHenry ThiaGlenn YongAngeline TeohGadrick ChinProductioncompaniesmm2 EntertainmentJ Team ProductionsDistributed bymm2 EntertainmentRelease date 21 January 2023 (2023-01-21) ...

 

Census-designated place in Louisiana, United StatesNew Sarpy L'Anse Aux OutardesCensus-designated placeNew SarpyLocation of New Sarpy in LouisianaCoordinates: 29°58′44″N 90°23′08″W / 29.97889°N 90.38556°W / 29.97889; -90.38556CountryUnited StatesStateLouisianaParishSt. CharlesArea[1] • Total1.38 sq mi (3.57 km2) • Land1.14 sq mi (2.94 km2) • Water0.24 sq mi (0.63 km2)El...

Departament Stanu Stanów ZjednoczonychUnited States Department of State Siedziba Departamentu Stanu Stanów Zjednoczonych Państwo  Stany Zjednoczone Data utworzenia 27 lipca 1789 Siedziba Waszyngton Sekretarz Antony Blinken Budżet 65,9 mld dolarów (2015) Zatrudnienie 69 000 (2014) Adres 2201 C Street, NWWashington, D.C., U.S. Położenie na mapie WirginiiDepartament Stanu USA Położenie na mapie Stanów ZjednoczonychDepartament Stanu USA 38,894167°N 77,048333°W/38,894167 ...

 

Dewan Perwakilan Rakyat DaerahProvinsi Jawa TengahPeriode 2019-2024JenisJenisUnikameral Jangka waktu5 tahunSejarahSesi baru dimulai3 September 2019PimpinanKetuaH. Sumanto, S.H. (PDI-P) sejak sejak 2 Mei 2023 Wakil Ketua IH. Sukirman, S.S. (PKB) sejak 30 September 2019 Wakil Ketua IIDrs. H. Heri Pudyatmoko (Gerindra) sejak 30 September 2019 Wakil Ketua IIIFerry Wawan Cahyono, S.Pi., M.Si. (Golkar) sejak 30 September 2019 Wakil Ketua IVDipl.-Ing. H. Quatly Abdulkadir Alkatiri...

 

Indian filmNarakasura[1][2]posterDirected bySebastian Noah Acosta JuniorWritten bySebastian Noah Acosta JuniorProduced byDr.Ajja SreenivasKurumuru RaghuStarringRakshit AtluriAparna JanardananSangeerthana VipinShatruNassarCharan RajSrimanSS KanchiGayatri RavishankarTej CharanrajKaartheek SaahasGara Raja RaoFish VenkatMast AliBhanu TejaLakshmanRamuDevanganaPintu SharmaPramod ChaturvediCinematographyNani ChamidisettyEdited byCh Vamshee KrishnaMusic byAIS Nawfal RajaProductioncomp...

Census-designated place in North Carolina, United StatesDundarrach, North CarolinaCensus-designated placeLocation of Dundarrach, North CarolinaCoordinates: 34°55′29″N 79°09′27″W / 34.92472°N 79.15750°W / 34.92472; -79.15750CountryUnited StatesStateNorth CarolinaCountyHokeArea[1] • Total1.32 sq mi (3.41 km2) • Land1.32 sq mi (3.41 km2) • Water0.00 sq mi (0.00 km2)Elevati...

 

British Conservative politician The Right HonourableTheresa VilliersMPOfficial portrait, 2020Secretary of State for Environment, Food and Rural AffairsIn office24 July 2019 – 13 February 2020Prime MinisterBoris JohnsonPreceded byMichael GoveSucceeded byGeorge EusticeSecretary of State for Northern IrelandIn office4 September 2012 – 14 July 2016Prime MinisterDavid CameronPreceded byOwen PatersonSucceeded byJames BrokenshireMinister of State for Rail and AviationIn office1...

 

香港の歴史 この記事はシリーズの一部です。年表 中国王朝時代 香港植民地史(1800-1930年代) 日本占領時期 香港植民地史(1940-1990年代) 1940年代 1950年代 1960年代 1970年代 1980年代 特別行政区時代分野史 教育史参考 文化 - 経済 - 教育地理 - 政治香港 ポータル 表話編 1950年代の香港(1950ねんだいのほんこん)は、日本による香港統治の終了(1945年)に伴う英国の香港主権回復...

この記事は英語版の対応するページを翻訳することにより充実させることができます。(2023年4月)翻訳前に重要な指示を読むには右にある[表示]をクリックしてください。 英語版記事を日本語へ機械翻訳したバージョン(Google翻訳)。 万が一翻訳の手がかりとして機械翻訳を用いた場合、翻訳者は必ず翻訳元原文を参照して機械翻訳の誤りを訂正し、正確な翻訳にし...

 

1997 novel by Sharon Shinn For the 1998 novel by Robert Harris, see Archangel (Harris novel). This article includes a list of references, related reading, or external links, but its sources remain unclear because it lacks inline citations. Please help to improve this article by introducing more precise citations. (May 2020) (Learn how and when to remove this template message) Archangel First editionAuthorSharon ShinnCover artistJohn Jude PalencarCountryUnited StatesLanguageEnglishSeriesS...

 

Japanese sprinter Sayaka OishiOishi at the 2019 National Sports FestivalPersonal informationBirth nameSayaka FujisawaNationalityJapaneseBorn11 March 1991 (1991-03-11) (age 32)Takizawa, Iwate, Japan[1]Alma materIwate UniversityHeight1.65 m (5 ft 5 in)[1]SportCountryJapanSportTrack and fieldEventSprintClubCerespoAchievements and titlesPersonal best(s)100 m: 11.81 (2016) 200 m: 23.78 (2020) 300 m: 38.09 (2017) 400 m: 53.14 (2...

American bicycle company head badge Jamis Bicycles is an American distributor of bicycles, designed in the US and built in China and Taiwan. Jamis was acquired in 1990 by its parent company, G. Joannou Cycle Co. It is headed by Carine Joannou, chief executive of G. Joannou Cycles since taking over the family business when her father died in 1981. History Jamis Bicycles was based in Tallahassee, Florida, taking its name from founder Ron Jamis, and originating from distributor East Coast Cycles...

 

Derek Walcott Información personalNombre en inglés Derek Alton Walcott Nacimiento 23 de enero de 1930 Castries, Santa LucíaFallecimiento 17 de marzo de 2017(87 años) Santa Lucía o Gros Islet, Santa LucíaNacionalidad SantalucenseLengua materna Inglés FamiliaCónyuge Fay MostonMargaret MaillardNorline Metivier EducaciónEducado en Universidad de las Indias OccidentalesUniversidad de Londres Información profesionalOcupación Poeta, autor teatral, escritor y prosista Empleador Univer...

 

Guess, Inc. Тип Публичная компания Листинг на бирже Нью-Йоркская фондовая биржа Основание 1981 Основатели Georges Marciano[d] Расположение Лос-Анджелес, США Ключевые фигуры Жорж Марчиано, Арман Марчиано, Пол Марчиано, Морис Марчиано, Виктор Эрреро, Карлос Альберини[1][2][3] ...

Jozef IsraëlsRitratto di Willem Roelofs, 1892 Willem Roelofs (Amsterdam, 10 marzo 1822 – Berchem, 12 maggio 1897) è stato un pittore, entomologo e litografo olandese. Biografia Willem Roelofs nacque ad Amsterdam il 10 marzo 1822. Quando fu giovane, la sua famiglia si trasferì a Utrecht, dove suo padre divenne un membro della Painters and Draftsman Society di Utrecht e ricevette lezioni dall'artista Abraham Hendrik Winter. Nel giugno 1839, si trasferirono a L'Aia in modo che il giovane Wi...

 

Book by Nasreen Munni Kabir Yours Guru Dutt AuthorNasreen Munni KabirCountryIndiaLanguageEnglishSubjectGuru DuttGenreBiographyPublished2006PublisherRoli BooksMedia typePrintPages168ISBN978-81-74363-88-6OCLC494710408 Yours Guru Dutt is a 2006 book by the British author and television documentary producer Nasreen Munni Kabir, containing a total of 37 handwritten letters in both English and Hindi by the Indian actor and filmmaker Guru Dutt—most of which are addressed to his wife Geeta. Th...

 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!