* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Ramon Wilson (17. desember1934–15. mai2018), kjend som Ray Wilson, var ein engelsk fotballspelar fødd i Shirebrook i Derbyshire. Han var venstreback på England sitt landslag som vann VM i fotball 1966 på heimebane. Wilson spelte 63 landskampar for England i tida 1960-68.
Wilson debuterte på Hudersfield Town i 1955. I 1964 vart han overført til Everton FC, der han 14. mai 1966 var med då klubben slo Sheffield Wednesday 3-2 i finalen i FA-cupen på Wembley stadion i London. Vel to månader seinare opplevde han på same arenaen høgdepunktet i karrieren då England sigra med 4-2 over Vest-Tyskland i VM-finalen 1966. Sommaren 1969 fekk Wilson kontrakt med Oldham Athletic. Han spelte sin siste ligakamp 7. november 1970 for Bradford City i 3. divisjon.