Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 9 480 innbyggjarar (2001). Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ein arbalestturnering og ein mellomalderfestival.
Den største landsbyen på øya heiter òg Rab. Han har 554 innbyggjarar (2001) og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.
Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepe mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.
Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.