Krk er den nest største øya i Adriahavet med eit areal på 405,22 km², og den mest folkesette med mange landsbyar og eit folketal på 16 402 (2001). Sjølv om nylege studiar har vist at Cres (italiensk Cherso) er den største kroatiske øyar, seier offisielle data at Krk er den største.
Av landsbyar på Krk finn ein:
Krk, med 5 491 innbyggjarar (2001), ligg ved 45°13′N 14°32′E.
Krk ligg forholdsvis nær fastlandet og har vore forbunde til fastlandet via ei 1 430 meter lang bogebru, kalla Krkbrua, sidan 1980, ei av dei største betongbruene i verda. Sidan ho ligg nær byen Rijeka, ligg Rijeka flyplass ved Omišalj, i tillegg til eit oljeraffineri (som er knytt til hamna i Rijeka. Eit kloster ligg på den litle øya Košljun i ei bukt utanfor kysten av Krk.
Krk er ein populær feriestad sidan ho ligg nær både Slovenia, sørlege delar av Tyskland, Austerrike, og Nord-Italia. Etter at Austblokka kollapsa har mange turistar òg kome frå Ungarn, Romania og andre tidlegare austblokkland.