«Puppet on a String» (‘tråddokke’ eller ‘marionett’) er ein britisk popsong som vann Eurovision Song Contest 1967. Songen vart framført av Sandie Shaw og var skriven av låtskrivarduoen Bill Martin og Phil Coulter. Songen skaffa Storbritannia sin fyrste siger i Eurovision Song Contest, og han blei ein stor kommersiell suksess etter tevlinga. I Noreg toppet han VG-lista i seks veker, meir enn nokon annan tidlegare Eurovision-song.[2]
I forkant av Eurovision Song Contest hadde BBC handplukka Sandie Shaw til å delta for Storbritannia, men BBC lot musikerforeininga MPA ta hand om utveljinga av songen.[3] MPA plukka ut fem songar som blei framført i The Rolf Harris Show på BBC1 25. februar 1967. Shaw song alle songane, og etter ei postkort-avrøysting blei «Puppet on a String» kåra som det britiske bidraget til Eurovision Song Contest.[4] Av dei fem låtane som var i finalen, var vinnarbidraget sistevalet til Shaw. Med hennar eigne ord: «Eg hata han frå det heilt fyrste ompa, til det siste slaget på den store basstromma. Eg blei instinktivt fråstøytt av det sexistiske vrøvlet og gaukursmelodien.»[4]
Sjølv hadde ikkje Shaw noko ønske om å delta i Eurovision Song Contest, men talentspeidaren hennar, Adam Faith, hadde overtala ho og sa at det ville gjere manageren hennar, Eve Taylor, lukkeleg. Taylor meinte dette var eit lurt trekk, sidan det kunne setje Shaw i eit godt ljos igjen etter å ha vore involvert i ein opprivande skilsmisseskandale.[5][6]
Eurovision Song Contest blei arrangert i Wien laurdag 8. april 1967, og «Puppet on a String» var det ellevte bidraget ut på scena av 17 deltakande bidrag. I avrøystinga vann songen ein overlegen siger med 47 poeng, meir enn dobbelt så mange poeng som Irland på andreplass. Heile sju av dei ti medlemmane i den norske jurygruppa hadde songen som sin favoritt.[7]
Shaw har seinare forklart Eurovision-sigeren med at ho allereie var populær på kontinentet. Ho hadde spela inn dei fleste hitane sine på fransk, italiensk, tysk og spansk. «Puppet on a String» blei den tredje nummer én-hiten til Shaw i Storbritannia, noko som var rekord for ei kvinne på den tida.[6] Songen blei også ein kjempesuksess over heile verda, blant anna blei «Puppet on a String» den mestseljande singelen i Vest-Tyskland i 1967.[4] Shaw spela også inn «Puppet on a String» på fransk («Un tout petit pantin»), italiensk («La danza delle note»), spansk («Marionetas en la cuerde») og tysk («Wiedehopf im Mai»).[8]
Shaw spela inn «Puppet on a String» på nytt igjen i 2007, i høve sin eigen 60-årsdag.[4] Nyinnspelinga kom i stand etter at ho besøkte ein venn, musikaren Howard Jones. Han sat og spela nokre akkordar på keyboardet og nynna på ein melodi. Ho nynna med og oppdaga etter kvart at songen eigentleg var «Puppet on a String». Dei spela inn den nye versjonen og sende han til produsenten Andy Gray, som la siste hand på verket. Shaw sa sjølv at ho elska den nye versjonen – etter å ha hata originalen i store delar av livet. På sin eigen fødselsdag slapp ho den nye versjonen eksklusivt til gratis nedlasting på si offisielle heimeside. Der var han tilgjengeleg for gratis nedlasting i 60 dagar.[4]
Med Sandie Shaw:[9][10]