Provinsen Balıkesir (tyrkiskBalıkesir ili) er ein provins sentralt i det vestlege Tyrkia, og har kystlinje mot både Marmarahavet og Egearhavet. Naboprovinsane er Çanakkale i vest, İzmir i sørvest, Manisa i sør, Kütahya i søraust og Bursa i aust. Provinshovudstaden er Balıkesir. Det meste av provinsen ligg i Marmararegionen utanom sørlege delar av Bigadiç Edremit, Kepsut, İvrindi, Savaştepe og Sındırgı, samt Ayvalık, Burhaniye, Dursunbey, Gömeç og Havran, som høyrer til Egearregionen.
Kaz Dağı, òg kjend som fjellet Ida, ligg i provinsen.
Provinsen Balıkesir er kjend for olivenlundane, varmekjelder og reine strender, noko som gjer han til eit viktig turistmål.
Distrikt
Provinsen Balıkesir er delt inn i 19 distrikt (hovuddistriktet er utheva):