Provinsen Ankara (tyrkiskAnkara ili) ligg sentralt i Tyrkia og er provinsen hovudstaden i landet, Ankara, ligg i.
Provinsen ligg på ei stor slette i det sentrale Anatolia, med skogkledde fjell i nord og dei tørre slettene i Konya i sør. Slettene får vatn frå mellom anna elvane Kızılırmak og Sakarya. Den store saltsjøen Tuzsjøen ligg delvis i provinsen. Det høgaste punktet er 2015 meter over havet med fjellet Işık.