Press av Paul McCartney

Press
av Paul McCartney
frå albumet Press to Play
B-side

«It's Not True»
«Hanglide» (12")

Språk engelsk
Utgjeve 14. juli 1986
Innspelt April–mai 1985 i Sussex
Sjanger Synthpop
Lengd 4:43
Selskap Parlophone/EMI
Komponist Paul McCartney
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent
Paul McCartney-kronologi 
«Spies Like Us»
(1985)
Press «Pretty Little Head»
(1986)


«Press» er ein song av Paul McCartney. Han kom ut som den første singelen frå det sjette studioalbumet hans, Press to Play, og var den 37. singelen til McCartney. B-sida på singelen var ikkje med på albumet, «It's Not True», men kom seinare ut som eit bonusspor på seinare CD-utgåver.

Bakgrunn

Songen nådde 21. plassen på singellista i USA[1])[2] og 25. plassen i Storbritannia,[3] og markerte med det byrjinga på ein dårlegare periode for platesalet til McCartney. Det var første gongen sidan Back to the Egg i 1979 at ein førstesingel frå eit album av McCartney ikkje haddde nådd Topp 20 i USA og Storbritannia.

Musikkvideoen til Press vart filma på London Underground. Paul McCartney syng songen medan han tar undergrunnsbanen frå South Kensington til Piccadilly Circus.

Innhald

7" (berre Storbritannia)
  1. «Press» – 4:20
  2. «It's Not True» – 4:31
7" (R 6133)
  1. «Press» (Video Edit) – 3:35
  2. «It's Not True» – 4:31
12" (12R 6133)
  1. «Press» (Video Soundtrack) – 4:43
  2. «It's Not True» (Remix) – 5:50
  3. «Hanglide» – 5:18
  4. «Press» (Dub Mix) – 6:30
10" (10R 6133)
  1. «Press» – 4:20
  2. «It's Not True» (Remix) – 5:50
  3. «Press» (Video Edit) – 3:35

Salslister

Liste (1986) Plassering
Belgia Ultratop 17
UK Singles Chart 25
Amerikanske Billboard Hot 100 21
Den polske singellita 34
Kanadiske RPM 43
Tyske Media Control-lista 53
Australian ARIA Charts 47
Den italienske singellista 90

Kjelder

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!