«Beautiful Night» er ein song av Paul McCartney frå 1997 på albumet Flaming Pie. I desember 1997 vart han gjeven ut som den tredje og siste singelen frå albumet, og nådde 25. plassen på UK Singles Chart.[1]
Songen vart opphavleg spelt inn i august 1986 i New York City. Denne versjonen kan høyrast på CD-singelen som ein del av «Oobu Joobu»-delen.
Songen var det første av to samarbeid mellom McCartney og Ringo Starr på Flaming Pie (den andre var «Really Love You») og songen vart orkestrert av George Martin. Innspelinga var i Abbey Road Studios.
Musikkvideo
Videoen til singelen vart regissert av Julien Temple og måtte redigerast på ny på grunn av eit kort glimt av ei naken kvinne. Med i videoen var Ringo Starr, Linda McCartney (siste gongen ho var med i ein musikkvideo) og bandet Spud. Videoen vart send første gongen på The Oprah Winfrey Show.
Innhald
- «Beautiful Night» – 5:03
- «Love Come Tumbling Down» – 4:21
- «Oobu Joobu» (Part 5) – 9:54 (berre CD)
- «Beautiful Night» – 5:08
- «Same Love» – 3:53
- «Oobu Joobu» (Part 6) – 8:33
B-sider
«Same Love» og «Love Come Tumbling Down» var ikkje gjevne ut før. «Oobu Joobu»-songane er ei rekkje demoar intervju og unytta songar sette saman til eitt spor. Namnet er henta frå radioprogrammet til McCartney, Oobu Joobu.
- «Oobu Joobu» (Part 5) består av:
- «And Now» – 0:10
- «Oobu Joobu Main Theme» – 1:14
- Beautiful Night Chat – 0:09
- Paul and Ringo talk about «Beautiful Night» – 2:06
- Ringo Chat – 0:09
- «Beautiful Night (Flaming Pie Mix)» – 1:31
- «Beautiful Night (Original Version)» – 4:02
- Goodbyes – 0:17
- «Oobu Joobu Main Theme» – 0:37
- «Oobu Joobu» (Part 6) består av:
- «This One» (jingle) – 0:08
- «Oobu Joobu Main Theme» – 0:32
- «Oobu Joobu We Love You» – 0:15
- Paul talks about Abbey Road – 0:43
- «Strawberry Fields Forever» (Paul solo) – 0:14
- Paul talks about Abbey Road – 1:31
- «Come On Baby» – 0:54
- Paul talks about Abbey Road – 0:18
- «Come On Baby (contd.)» – 0:33
- Paul ends chat about Abbey Road – 0:22
- «Okay are You Ready» (jingle) – 0:10
- «Love Mix» – 3:02
- «Widescreen Radio» (jingle) – 0:05
- Goodbye – 0:18
- «Oobu Joobu Main Theme» – 0:48
Medverkande
- Paul McCartney - solo- og korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, bassgitar, piano, Wurlitzer elektrisk piano, hammondorgel, ekstra perkusjon
- Linda McCartney - korvokal
- Jeff Lynne - korvokal, akustisk gitar, elektrisk gitar
- Ringo Starr - kor- og solovokal, trommer, perkusjon
- George Martin - orkesterarrangement
- David Snell - dirigent
- Geoff Emerick - lydteknikar for orkesteret
- Jon Jacobs - lydteknikar for orkesteret
- Peter Cabbin - lydteknikar for orkesteret
- Paul Hicks - lydteknikar for orkesteret
- Susan Milan - fløyte
Kjelder
|
---|
1970-åra | |
---|
1980-åra | |
---|
1990-åra | |
---|
2000-åra | |
---|
2010-åra | |
---|
|