«Poor Boy» er ein song av Elvis Presley. Songen var tilskriven Elvis Presley og Vera Matson, kona til Ken Darby, som i røynda skreiv songen, og vart publisert av Elvis Presley Music. Sonen vart nytta i filmen Love Me Tender og gjeve ut som ein EP på RCA Victor i 1956.
«Poor Boy» vart spelt inn 24. august 1956. Andre songar på EP-en var tittelsporet, «We're Gonna Move» og «Let Me».
Singelen nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard pop-lista i desember 1956 og låg på lista i alt 11 veker.[1]
I staden for eit heilt filmmusikkalbum med musikken frå Love Me Tender vart fire songar frå filmen gjevne ut på EP-en Love Me Tender i november 1956. EP-en vart sertifisert til platina av RIAA. EP-en nådde 10. plassen på Billboard EP-lista og 22. plassen på Billboard 200 albumlista. Han nådde niandeplassen på Top Pop Albums-lista med eit sal på over 600 000, i tillegg til 35. plassen på singellista. Dei fire songane på EP-en vart spelt inn i Fox-studioet Stage One i Hollywood, den 24. august 4. september og 1. oktober 1956.
Medverkande
Andre versjonar
Hillary Hawkins spelte inn ein versjon på singel, Paul Ansell spelte inn songen i 1999 og Carlos and The Bandidos spelte inn songen i 2003.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikkalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
Piratkopiplater | |
---|
Biografifilmar | |
---|
Dokumentar | |
---|
TV-program | |
---|
Teater basert på Elvis | |
---|
Topp 10-singlar | |
---|
Tilknytte folk | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|