Pontarlier er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Doubs i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 19 000 innbyggjarar.
Historie
Pontarlier var kjend for produksjon av absint fram til det vart forbode i 1915. Destilleria gjekk då over til å produsere pastis. Sidan forbodet no delvis er oppheva produserer enkelte destilleri igjen i absint i Pontarlier.
Pontarlier var òg ein pionerby innan luftfart. 29. oktober 1910 fauk Auguste Junod her med dobbeltdekkaren sin kalla Farman, og store folkemengder kom for å sjå hendinga.
Bakgrunnsstoff