Paul Gjesdahl
|
|
Pseudonym |
Pueblo
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
22. desember 1893
|
Død |
14. august 1969 (75 år)
|
Yrke |
journalist, skribent, omsetjar
|
Paul Dessen Gjesdahl (22. desember 1893–14. august 1969) var ein norsk journalist, teaterkritikar, forfattar og omsetjar.[1] Under psevdonymet Pueblo skreiv han treffsikre petitartiklar som vart svært populære, men som òg vekte forarging.
Paul Gjesdahl var fødd i Fredrikshald, no Halden, som son av kapellanen og seinare soknepresten Paul Vinsnes Gjesdahl (1854–1936) og Sofie Johanne Marie Dessen (1855–1930).[2] Han tok examen artium i 1912, studerte ei tid ved Krigsskolen og vart adjunkt-kvalifisert ved Universitetet i Oslo i 1919.
Han var formann i Det Norske Studentersamfund og vart med i Mot Dag i 1921. Gjesdahl var journalist i Dagbladet 1919-30, i Tidens Tegn 1931-37 og Arbeiderbladet 1937-67. Han gav ut eige stoff og omsette samtidslitteratur, m.a. Prosessen av Franz Kafka. Vidare var han styremedlem for Norsk Teater- og Musikkritikerforening, Forfatterforeningens litterære råd (formann 1945–47), formann i Statens teaterråd 1946 og utover, i tida 1946–55 nestformann i Kringkastingsrådet og 1956–64 medlem av Norsk språknemnd.
Verkliste
- Eksperimentet (1931). Roman.
- Tre menn forteller (1935). Noveller.
- Premierer og portretter (1957). Illustrert av Randi Monsen.
- Pueblo, Lett blanding (1958).
- Centralteatrets historie (1964).
- Petiter og portretter 1920–1930 (1971).
Kjelder
- ↑ Paul Gjesdahl i Store norske leksikon
- ↑ Hirsti, Reidar (29. september 2014). «Paul Gjesdahl». Norsk biografisk leksikon (på norsk).