Pascal Martinot-Lagarde (fødd 22. september 1991) er ein fransk hekkeløpar frå Saint-Maur-des-Fossés som i 2018 vart europameister på 110 meter hekk i Berlin, fire år etter han tok bronsemedaljen i same øvinga under EM 2014 i Zürich. Pascal Martinot-Lagarde vann i 2014 korthekken samanlagt i den såkalla Diamatserien (Diamond League), same sommaren som hen sette fransk rekord i 110 m hekk med tida 12,95 sekundar under DL-stemnet i Monaco.