Père-Lachaise (Cimetière du Père-Lachaise, Cimetière de l'Est) er ein kyrkjegard i Paris, den største i byen og ein av de mest kjende i heile verda. Kyrkjegarden er om lag 43 hektar stor og vart innvigd i 1804. Her er meir enn ein million graver. Gravplassen er kalla opp etter Ludvig XIV sin skriftefar, jesuittpresten François d'Aix de La Chaise (1624-1709).
Gravplassen vart lagt utanfor bygrensene av dåverande Paris, av lovpålagde helsemessige grunnar. Fyrste åra vart plassen lite nytta. For å auke interessa vart leivningane av Jean de La Fontaine og Molière flytta til Père Lachaise, nok som viste seg å auke bruken mykje.