Sven Otto Pettersson (12. februar 1848–16. januar 1941) var ein svensk kjemikar og oseanograf. Han var far til Hans Pettersson.
Petterson tok doktorgraden i 1872, og var professor i kjemi ved Stockholms Högskola frå 1881 til 1908. I 1890-åra var han hovudsakleg hydrograf og var med på å grunnleggje Det internasjonale havforskingsrådet. Han gav ut mange hydrografiske avhandlingar og konstruerte fleire oseanografiske instrument.
Kjelder
«Otto_Pettersson» i Store norske leksikon, snl.no.