Niort er ein by og kommune vest i Frankrike med nesten 60 000 innbyggjarar. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Deux-Sèvres i regionen Nouvelle-Aquitaine. Byen ligg ved elva Sèvre Niortaise.
Det latinske namnet på byen var Novioritum.
Ymse
Niort er kanskje mest kjend som senter for dyrking av angelika i Frankrike.
Ved Maisonnay nær Niort står ei av dei høgaste radiomastene i Frankrike med ei høgd på 330 meter.
Bakgrunnsstoff