Nesna er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nesna kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg ytst på halvøya mellom Sjona og Ranfjorden, og har 1 346 innbyggjarar per 1. januar 2023.
På Nesna ligg ei avdeling av Nord universitet, tidlegare Høgskolen i Nesna, som starta som lærarskole i 1918.
Fylkesveg 17 («Kystriksvegen i Nordland») går gjennom tettstaden Nesna. Det går bilferje over Ranfjorden sørover til Låvong (Levang) i Leirfjord kommune. Elles har tettstaden ferjesamband med øyane Tomma, Handnesøya og Hugla. Nesna har fast stopp på Hurtigruta og på hurtigbåtsambandet mellom Sandnessjøen og Bodø.[1]
Sjå òg
Kjelder