Nahr al-Kabir al-Janoubi (arabisk for den sørlege store elva, النهر الكبير الجنوبي) er ei elv i Midtausten som flyt ut i Middelhavet. Elva flyt gjennom Homskløfta.
Elva dannar nordenden av grensa mellom dagens Libanon og Syria. I antikken vart elva kalla Eleutherus.[1] Eleutheros, Eleuteris (Ελεύθερος, Ελευθερίς på gresk) og vert omtalt som dette i den apokryfte Fyrste makkabearbok 11:7 og 12:30. Elva vert stundom òg berre kalla Nahr el-Kebir eller Kebir.
Kjelder