Naberezjnyje Tsjelny (russisk |а́бережные Челны́; tatarsk Яр Чаллы - Yar Çallı) er den nest største byen i republikken Tatarstan i Russland. Han er det administrative senteret i Tukajevskij rajon.
Byen er eit stort industrisenter og ligg ved elva Kama, om lag 225 km aust for Kazan. I 2007 hadde han like over 500 000 innbyggjarar. Byen skal ha vorte grunnlagd i 1172 og han fekk bystatus i 1930. Byen fekk namnet Brezjnev (etter Leonid Brezjnev) frå 1982 til 1988.
Lastebilane Kamaz og ZMA vert produsert her.
FC KAMAZ Naberezjnyje Tsjelny er fotballaget i byen og spelar i russisk førstedivisjon.
Bakgrunnsstoff
Kjelder