Arsk eller Artsja (russisk Арск, tatarisk Арск - Arça) er ein by i Tatarstan i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda av elva Kazanka, 65 km frå Kazan, hovudstaden i republikken. Arsk er òg ein stasjon på jernbanelinja Kazan-Agryz. Han vart grunnlagd på 1200-talet av volga-bulgararar.
Byen var ein hovudstad i Arsk Darugha (Arça daruğası) under Kazan-khanatet. Arsk var ein av dei sterkare festningane i khanatet. Han var erobra av den russiske armeen under fyrst Vorotynskij i 1552. I 1606 vart han ombygd til ei russisk festning. I 1708–1796 var han senter for Arskij Ujezd, og frå 1781 til 1926 hadde han bystatus. I 1918 vart han erobra av antibolsjevikske bønder. Frå 1920 til 1930 var han senter i Arskij kanton. Han vart ein urbanliknande busetnad i 1938 og fekk bystatus 27. juni 2008.