«Moody Blue» er ein song gjort kjend av Elvis Presley. Songen vart skriven av Mark James,[1] som òg skreiv Presley-songen «Suspicious Minds». «Moody Blue» var den siste førsteplassen Presley fekk medan han levde, då songen toppa BillboardHot Country Singles-lista i februar 1977.[2] «Moody Blue» nådde òg 31. plassen på Hot 100.[3]RCA Records gav òg ut ei særs avgrensa utgåve «Moody Blue» i ein eksperimentell, gjennomsiktig blå vinyl, med «She Thinks I Still Care» som B-side. Seks månader etter at «Moody Blue» toppa lista, var Presley gått bort.
Songen vart spelt inn i februar 1976 i Jungelrommet heime hos Presley i Graceland.
Den einaste gongen Elvis framførte heile songen på konsert var 21. februar 1977 i Charlotte i Nord-Carolina. Han hadde prøvd å framføre songen 20. februar på same stad, men avslørte for publikum at han hadde gløymt teksten. 21. februar hadde han eit tekstark i handa. Begge utgåvene vart gjevne ut på «Follow That Dream»-utgåva av albumet Moody Blue.