Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)

«I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)» er ein popsong skriven i 1953 av Joe Thomas og Howard Biggs. Sidan den gongen har han blitt ein liten popstandard. Han er mest kjend i versjonen på debutalbumet til Elvis Presley,[1] og for ei framføring av songen av The Beatles (finst på Live at the BBC).[1] The Beatles spelte òg songen på Star-Club i Hamburg på nyårsaftan 31. desember 1962, under den femte og siste perioden deira i Hamburg. Versjonen deira finst på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.

The Beatles-versjonen

The Beatles spelte inn sin versjon 16. juli 1963 i BBC Paris Studio i London for radioshowet Pop Go The Beatles. Innspelinga vart først gjeve ut i 1994 på Live at the BBC.

The Beatles-ersjonen skil seg frå Presley-versjonen og er meir rock 'n' roll, medan Presley sin versjon er meir rockabilly-country-aktig.

Dette er ein av tre Presley-songar som Beatles spelte inn for BBC, i lag med «I Forgot to Remember to Forget» og «That's All Right».[2]

Medverkande

Andre artistar som har spelt songen

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya