Mont Blanc
Grandes Jorasses
Mont Blanc
Mont Blanc-massivet (italiensk Massiccio del Monte Bianco ; fransk Massif du Mont-Blanc ) er ei fjellkjede i dei vestlege delane av Alpane . Ho er kalla opp etter Mont Blanc , som med 4 808 moh er den høgaste fjelltoppen i Alpane. Fjellkjeda ligg i Frankrike (Haute-Savoie og Savoie ), Italia (Aostadalen ), og Sveits (vestlege Valais ). Mont Blanc-massivet vert stundom rekna som både ein del av Wallis-Alpane og Dei graiiske Alpane .
Col Ferret ligg mellom fjellkjeda og Wallis-Alpane og det Vesle St. Bernhard-passet skil ho frå Dei graiiske Alpane . På andre sida av Arvedalen ligg Aiguilles Rouges og Préalpes .
På den franske sida av Mont Blanc-massivet renn vatnet ut i elvane Arve og Isère . På den italienske sida er det elva Dora Baltea som tømmer fjellkjeda for vatn, medan vatnet på den sveitsiske sida renn ut i sideelvar til Rhône .
Fjelltoppar
Dei største fjelltoppane i Mont Blanc-massivet er:
Brear
Dei største isbreane :
Fjellovergangar
Dei viktigaste fjellovergangane i Mont Blanc-massivet er:
namn
stad
type
høgd (mt)
Col de la Brenva
Courmayeur til Chamonix
snø
4 333
Col de Triolet
Chamonix til Courmayeur
snø
3 691
Col d'Argentière
Chamonix til Orsières
snø
3 516
Col de Talefre
Chamonix til Courmayeur
snø
3 484
Col de Miage
Les Contamines til Courmayeur
snø
3 376
Col du Géant
Chamonix til Courmayeur
snø
3 371
Col du Chardonnet
Chamonix til Orsières
snø
3 325
Col du Tour
Chamonix til Orsières
snø
3 280
Fenetre de Saleinaz
Saleinazbreen til Trientbreen
snø
3 264
Col de Breuil
Bourg-Saint-Maurice til La Thuile
snø
2 879
Col du Mont Tondu
Les Contamines til Courmayeur
snø
2 590
Col Ferret
Courmayeur til Orsières
ridesti
2 533
Col de la Seigne
Les Chapieux til Courmayeur
ridesti
2 512
Col de Susanfe
Champéry til Salvan
sti
2 500
Col du Bonhomme
Contamines til Les Chapieux
ridesti
2 483
Col de Sageroux
Sixt til Champéry
sti
2 413
Col d'Anterne
Sixt til Servoz
ridesti
2 263
Col de Balme
Chamonix til Trientdalen
ridesti
2 201
Vesle St. Bernhard-passet
Aosta til Moûtiers
veg
2 188
Colle Checrouit
Courmayeur til Lac de Combal
ridesti
1 960
Col de Voza
Chamonix til Les Contamines
ridesti
1 675
Col de la Forclaz (F)
Chamonix til Saint-Gervais
ridesti
1 556
Col de la Forclaz (CH)
Argentière til Martigny
veg
1 520
Sjå òg