Molly My Marianne Sandén (fødd 3. juli1992 i Stockholm) er ein svensk songar, låtskrivar og stemmeskodespelar. Som 14-åring representerte ho Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 med balladen «Det finaste någon kan få». Der enda ho på ein tredjeplass, som er den beste plasseringa Sverige har hatt i tevlinga. Ho deltok seinare i Melodifestivalen i 2009, og sidan i 2012 og 2016. Systrene Frida og Mimmi er også songarar. Ho gav ut sitt fyrste album, Samma himmel, i 2009, og hennar fjerde studioalbum, Det bästa kanske inte hänt än, kom i 2019. Ho har også gjeve stemme og vokal i ei rekkje filmar, blant anna i den svenske versjonen av High School Musical 2. Ho hadde også vokalen til hovudrollefiguren «Sigrit Ericksdóttir» i filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga i 2020.
Sandén vart kjend i Sverige då ho representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest i București i Romania i 2006. Der deltok ho med låten «Det finaste någon kan få», og enda på ein tredjeplass – det beste resultatet Sverige har hatt i tevlinga. Nokre veker etter deltok ho i nyttårsprogrammet til SVT frå Skansen 31. desember 2006. Ho song også duett med Magnus Carlsson i songen «Julens tid är här» på hans julealbum Spår i snön frå same år.
I 2009 deltok Sandén for fyrste gang i Melodifestivalen. Der kvalifiserte ho seg til finalen med songen «Så vill stjärnorna», men enda sist med berre 2 poeng frå den internasjonale juryen. Hun deltok igjen i 2012 med balladen «Why Am I Crying» som enda på femteplass i finalen.
Sandén deltok i Let's Dance – den svenske versjonen av Skal vi danse – i 2010. Tevlinga vart send på TV4 Sverige, og ho enda på fjerdeplass. I 2013 starta ho sitt eige klesmerke på nett: My by Molly.
Sandén gav ut EP-en Like No One's Watching 12. juni 2015, med singlane «Freak», «Phoenix» og «Like No One’s Watching». I 2016 deltok ho i Melodifestivalen for tredje gong. Ho deltok i den fjerde delfinalen i Gävle og kvalifiserte seg til finalen med songen «Youniverse», som ho hadde skrive saman med Danny Saucedo og John Alexis. Songen enda på ein sjetteplass i finalen.
2017–2020: Större og Det bästa kanske inte hänt än
Sandén slapp sitt tredje studioalbum, Större, på Sony 27. april 2018. Albumet har seks singlar og nådde ein fjerdeplass på den svenske albumlista same år. Hennar fjerde studioalbum, Det bästa kanske inte hänt än, vart sloppe 29. mai 2019 på Sony. Albumet har ni songar og nådde ein andreplass på den svenske albumlista.
Sandén var sambuar med den svenske artisten Eric Saade, men paret gjorde det slutt i 2012.[8] Frå 2013 til 2019 var ho kjæraste og sambuar med artisten Danny Saucedo.[9][10][11][12] I 2020 vart ho kjæraste med songaren David Larson, vokalist i bandet The Royal Concept.[13][14]
↑Sitepu, Lania (17. februar 2012). «Molly Sandén vågade löfte» (på svensk). Sveriges Television. Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 3. desember 2014.