Daniel Gabriel Alessandro Saucedo Grzechowski, kjend som Danny Saucedo, (fødd 25. februar1986) er ein svensk songar og låtskrivar. Han var deltakar i den svenske versjonen av Idol i 2006, og kom på sjetteplass. I 2009, 2011 og 2012 enda han på høvesvis ein tredjeplass og to andreplassar i Melodifestivalen.
Saucedo deltok i Eurovision Dance Contest 2008 i Glasgow i Storbritannia med Jeanette Carlsson og enda på tolvteplass med 38 poeng; fire poeng frå juryen, ti poeng frå Danmark, sju poeng frå Finland, fire poeng frå Polen, tre poeng frå Austerrike og Portugal, to poeng frå Storbritannia, Russland og Hellas og eitt poeng frå Litauen.[1]
Melodifestivalen 2009
Saman med gruppa E.M.D. deltok han i Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, med «Baby Goodbye». Han hadde òg vore med på å skrive songen. Gruppa vart fyrst vald ut som joker, og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til semifinalane. Dei vann den tredje semifinalen, men enda til slutt på tredjeplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.[2]
Melodifestivalen 2011
I Melodifestivalen 2011, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, deltok han som soloartist og låtskrivar med «In the Club». Han vann den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen der han enda på andreplass, og fekk ikkje representere Sverige.[2]
For andre år på rad, og for tredje gong, deltok Saucdo med den sjølvskrivne songen «Amazing» i Melodifestivalen 2012, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Denne gongen vann han den fyrste semifinalen, men enda til slutt på andreplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.[2]