Michael Rex Giles (fødd 1. mars1942) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend for å ha vore med på å starte King Crimson i 1969. Før King Crimson vart danna spelte han òg i det kortvarige Giles, Giles & Fripp med broren Peter og Robert Fripp året før.
Han er kjend som den første rocketrommisen som brukte to basstrommer slik at han kunne spele raskare rytmar.
Giles forlét King Crimson i desember 1969, men spelte som studiomusikar på det andre albumet deira, In The Wake Of Poseidon. Han slo seg saman med Ian McDonald og spelte inn albumet McDonald and Giles, som hadde ein mykje lettare stil enn King Crimson, men som var musikalsk utfordrande. Giles arbeidde så som studiomusikar ut 1970-åra og arbeidde med mange populære artistar som Leo Sayer, Steve Winwood og Yvonne Elliman. Han gav ut soloalbumet Progress i 1978, men det kom først ut i 2003.