Marinerbreen er ein stor isbre som er over 100 km lang og som heller ned søraust frå platået i Victoria Land, mellom Mountaineer Range og Malta Plateau og som endar ved Lady Newnes Bay i Rosshavet, der han dannar den flytande Mariner bretunge. Den nedre delen og innløpet til dalen vart undersøkt i desember 1958 av kaptein John Cadwalader i US Navy og to medlemmar av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), på ein flytur frå isbrytarane USS «Glacier» og USCGC «Staten Island» som låg like utanfor sørenden av Coulman Island, i eit forsøk på å få i land ekspedisjonen på fastlandet. Han vart namngjeven av NZGSAE, 1958–59, som ei hyllest til arbeidet sjømennene gjorde i forskinga og utforskinga av Antarktis.
Kjelder