Mariah Carey
Mariah Carey | | | Fødd | 27. mars 1969 (55 år) |
---|
Fødestad | Huntington |
---|
Fødenamn | Mariah Carey |
---|
Alias | Songbird Supreme, Mimi, Elusive Chanteuse, Queen of Christmas |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 1989– |
---|
Sjanger | moderne R&B, pop, Hiphop, soul |
---|
Instrument | piano, vokal |
---|
Stemmetype | Koloratursopran |
---|
Plateselskap | Sony Music, Def Jam Recordings, Universal Music Group, Columbia Records, Epic Records, Island Records, Virgin Records, Legacy, Monarc Entertainment, Butterfly MC Records |
---|
Verka som | songar-låtskrivar, modell, forretningsdrivande, underhaldningsartist, filmprodusent, velgjerar, komponist, DJ producer, stemmeskodespelar, musikkvideoregissør, plateartist, skodespelar, songar, filmregissør |
---|
Mor | Patricia Hickey Carey |
---|
Far | Alfred Roy Carey |
---|
Gift med | Tommy Mottola, Nick Cannon |
---|
Sambuar med | Luis Miguel, James Packer, Bryan Tanaka, Derek Jetter |
---|
Prisar | Grammy Award for beste nye artist, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Best Contemporary R&B Album, Grammy Award for Best R&B Song, Grammy Award for Best Female R&B Vocal Performance, Golden Raspberry for verste skuespillerinne, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Adult Contemporary Album, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist, American Music Award for Favorite Soul/R&B Female Artist, stjerne på Hollywood Walk of Fame, ARIA Music Awards, MTV Europe Music Award for Best Female, MTV Europe Music Award for Best R&B, Boston Society of Film Critics Awards, Blockbuster Entertainment Awards, Billboard Music Award for Top Female Artist |
Mariah Carey (fødd 27. mars 1969)[1] er ein USA-amerikansk popsongar og låtskrivar frå Long Island i delstaten New York.
Biografi
Carey debuterte i 1990 med albumet Vision of love. Ho vart kjend for sin særeigne syngemåte, som er inspirert av soul, jazz og pop. Ho har hatt stor suksess i USA, Storbritannia og Australia. Særleg slo albumet Daydream frå 1995 godt an. Albumet inneheld låtar som «Fantasy» og «Always Be My Baby». Då singelen «My All» i 1998 toppa salslista i USA, vart ho den kvinnelege artisten med flest topplasseringar på denne lista.
I Noreg har suksessen vore noko mindre. Mellom hennar mest populære utgjevingar i Noreg er singlane «Hero» (1993) og «When You Believe» (1998, duett med Whitney Houston). Albumet Music Box (1993) selde over 200 000 eksemplar i Noreg.
Mange av komposisjonene og dei fleste tekstane har Carey sjølv skrive, anten åleine eller i samarbeid med andre. Mellom anna har ho fått hjelp med songane av Walter Afannassieff, Diane Warren og Carole King.
Carey har samarbeidd med ein rekke artistar. Westlife, Whitney Houston, Puff Daddy, Boyz II Men, Jay-Z og Luther Vandross er mellom desse.
Kjelder
- ↑ «Recent Births Are Announced». The Long-Islander (Huntington, New York). 10. april 1969. s. 2-3. Henta 16. februar 2021 – via NYS Historic Newspapers. «Recent births at Huntington Hospital have been announced as follows ... March 27 Mariah, Mr. and Mrs. Alfred Carey, Huntington»
Bakgrunnsstoff
|
|