Marc Girardelli
|
|
Statsborgarskap |
Luxembourg, Austerrike
|
Fødd |
18. juli 1963 (61 år) Lustenau
|
Idrett |
alpint
|
Tok del i
|
Vinter-OL 1994, Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 1992 – Storslalåm menn
|
Utmerkingar
|
Skieur d’Or, Skieur d’Or
|
Marc Girardelli (fødd 18. juli 1963) er ein tidlegare alpinist frå Lustenau i Vorarlberg i Austerrike som representerte Luxemburg. Han vann verdscupen i alpine greiner heile fem gongar; 1985, 1986, 1989, 1991 og 1993. Girardelli, som vann 46 renn i verdscupen i tida februar 1983-januar 1996, er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem øvingar.
Girardelli vann fire gullmedaljar i fire ulike alpine verdsmeisterskap. Tre av VM-triumfane kom i kombinasjons-øvinga; 1987, 1989 og 1996, medan han i 1991 tok VM-gullet i slalåmtevlinga. I alt vann han 13 medaljar i VM og OL i åra 1985-96; fire gull, seks sølv og tre bronsar.
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff