«Man of Constant Sorrow» er ein tradisjonell amerikansk folkesong som først vart spelt inn av Dick Burnett, ein delvis blind felespelar frå Kentucky. Songen vart spelt inn av Burnett som «Farewell Song» og trykt i ei songbok om lag 1913. Ei tidleg utgåve vart spelt inn av Emry Arthur i 1928 (Vocalion Vo 5208).
Det er usikkert om Dick Burnett skreiv songen sjølv. Om Burnett skreiv songen, så gjorde han det truleg rundt 1913. Det andre verset i songen nemner at songaren hadde vore blind i seks år, noko Burnett vart i 1907. Kanskje tilpassa Burnett teksten ut frå ein eldre song.[1]
I 1918 tok Cecil Sharp songen og gav han ut som «In Old Virginny» (Sharp II, 233).
Bluegrassgruppa The Stanley Brothers gjorde songen kjend. Ifølgje Ralph Stanley var songen to-tre hundre år gammal, og dei lærte han av faren, samt la til litt meir tekst og gav han namnet «I'm a Man of Constant Sorrow».[2]