Longford (irsk An Longfort) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Longford og ligg sentralt på Irland. Byen har om lag 8 000 innbyggjarar, men med landsbygda rundt kjem folketalet opp i over 30 000.
Det opphavlege namnet var Longphort Uí Fhearghail (O'Farrell sin festning) og byen voks opp rundt slottet til O'Farrell-klanen, som var høvdingslekta i eit område kalla Anghaile. Slekta fekk grunnlagd eit dominikanarkloster i byen i 1400.
Dei viktigaste næringsvegane er produksjon av matvarer, stål og medisinsk utstyr. Byen er òg eit handelssenter for området.
Domkyrkja til Ardagh og Clonmacnoise bispedøme ligg i Longford.
Byen ligg ved hovudvegen N5 mellom Dublin og Westport. N5 tar av frå N4 mellom Dublin og Sligo ved Longford. Medan N4 er lagt utanom byen, går N5 rett gjennom, noko som til tider fører til store trafikkproblem i sentrum.
Kjelder