Litle Kaukasus (armensk Լեսսեր Ցաուցասուս, aserbajdsjansk Kiçik Qafqaz Dağları, georgisk მცირე კავკასიონი, russisk Малый Кавказ) er ei av to fjellkjeder i Kaukasus, og har ei lengd på om lag 600 km.
Ho går parallelt med Store Kaukasus, som ligg om lag 100 km lenger nord og avgrensar Det armenske høglandet frå nord og nordaust.
Ho er knytt saman med Store Kaukasus ved Likhikjeda (Surami-kjeda), og fråskild av låglandet Kolkhida i vest og Kurasletta (ved elva Kura) i aust.
Den høgaste toppen er Gjamysj på 3 724 m.
Grensene mellom landa Georgia, Armenia, Aserbajdsjan og Iran går alle gjennom fjellkjeda, sjølv om ryggen ikkje alltid definerer grensa.
Kjelder