«Listen to Her Heart» er ein song skriven av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i august 1978 som den andre singelen frå albumet deira, You're Gonna Get It!. Han nådde 59. plassen på Billboard Hot 100 i oktober 1978.[1] Denne songen og «I Need to Know» vart begge spelte på konsertar så tidleg som den 14. juni 1977, då han dei vart spelte på det tyske fjernsynsshowet «Rockpalast».[2]
I følgje eit radiointervju med Redbeard, skreiv Petty songen som eit svar til at Ike Turner prøvde seg på kona til Petty.