Into the Great Wide Open er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut i juli 1991. Albumet var det siste bandet gav ut på MCA Records og det andre Petty-albumet som var produsert med Jeff Lynne etter suksessen med Full Moon Fever i 1989.
Den første singelen, «Learning to Fly», vart den Petty-songen som låg lengst på toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks-lista (i lag med «The Waiting» Hard Promises i 1981), heile seks veker. Den andre singelen, «Out in the Cold», nådde òg toppen av Mainstream Rock-lista, men berre for to veker.
I musikkvideoen for tittelsongen spelte Johnny Depp, som hadde flytta til Los Angeles som tenåring, i tillegg til Gabrielle Anwar, Faye Dunaway, og Matt LeBlanc.
Into the Great Wide Open fekk gode kritikkar av musikkpressa. Dave DiMartino skreiv om albumet for Entertainment Weekly og sa at albumet var det næraste «klassiske» albumet Petty og bandet hadde laga på 15 år, og sa at albumet var eit gjenhøyr med dei to første albuma. Han meinte dette i stor grad var på grunn av Jeff Lynne og at songane er betre enn dei på Full Moon Fever.[3] Rolling Stone-journalisten Parke Puterbaugh kalla albumet ei blanding mellom Full Moon Fever og Damn the Torpedoes, og sa at det hadde dei beste tekstane til Petty og at det var mykje betre enn Let Me Up (I've Had Enough).[10] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic var mindre imponert og sa at Into the Great Wide Open var for likt Full Moon Fever. Han sa at albumet var «behageleg» men ikkje hans beste.[1]
Alle spor skrivne av Tom Petty og Jeff Lynne, utanom der andre er nemnde