Limmat er den 35 km lange elva som renn gjennom dalen og ligg i Zürich og Aargau. Limmat er eit framhald av elva Linth, og vert kalla Limmat etter at ho renn ut av Zürichsjøen, i byen Zürich. Elva munnar ut i Aare. Samløpet skjer nordaust for byen Brugg, like etter munningen til Reuss og like før Aare sjølv munnar ut i Rhinen. Samløpet til dei tre elvane Aare, Reuss og Limmat vert kalla Wasserschloss.