Zürich er ein kanton i det nordlege Sveits. Kantonen har eit areal på 1 729 km2, og hadde om lag 1 521 000 innbyggarar i 2018. Zürich er den mest folkerike kantonen i Sveits. Byen Zürich er hovudstad i kantonen.
Kantonen grensar i nord til delstaten Baden-Württemberg i Tyskland, og til kantonane Schaffhausen i nord, Thurgau og St. Gallen i aust, Schwyz og Zug i sør og til Aargau i vest. Høgste fjellet er Schnebelhorn, 1 292 meter over havet, på grensa mot kantonen St. Gallen. Lågastliggande punktet er på Rhinen ved Weiach, 330 moh. Zürichsjøen, i sørdelen av kantonen, er den einaste større innsjøen.
Språk og samfunn
Tysk er skriftspråk i Zürich, medan zürichtysk, ein variant av sveitsartysk, er talemålet. Reformatoren Huldrych Zwingli vart i 1519 prest i Grossmünster i byen Zürich, og trass i at han vart drepen i 1531, vart heile kantonen verande protestantisk. I dag er 43% av innbyggarane protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen. 31% soknar til den romersk-katolske kyrkja, som følgje av stor innvandring til kantonen frå Sør-Europa.
Kantonen Zürich består av land som byen Zürich kjøpte etter at han i 1218 vart fri (reichfrei) det direkte keisarstyret. Oppkjøpa var særleg omfattande etter lauga i byen gjorde opprør i 1336. I 1351 slutta Zürich seg til det sveitsiske eidsforbundet. Den lågareliggande delen av kantonen vart innlemma i 1362. Dei nordlege delane av kantonen, opp til elva Rhinen, vart lagt til kantonen då byen Zürich i 1468 kjøpte Winterthur frå habsburgarane. I 1803 fekk landområde vest i kantonen høve til å knyte seg til kantonen Aargau.
Under ei folkeavrøysting i februar 2005 godkjende folket i Zürich ei ny grunnlov for kantonen. Den nye grunnlova, som trådde i kraft januar 2006, erstatta ei grunnlov frå 1869.