Neuchâtel[a] er ein kanton i det vestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 803 km2, og hadde om lag 180 000 innbyggarar i 2018. Byen Neuchâtel er hovudstad i kantonen.
Geografi
Kantonen Neuchâtel grensar i nordvest til regionen Franche-Comté i Frankrike, og til kantonane Jura i nord, til Bern i nordaust og til Vaud i sørvest. Fribourg ligg på søraustbreidda av Neuchâtelsjøen. Distrikta Neuchâtel og Boudry vert ofte nemnt som Le Littoral («Sjøbreidda»), og La-Chaux-de-Fonds og Le Locle som Montagnes Neuchâteloises («Neuchâtelfjella»). Høgste punktet i kantonen, 1 552 moh, ligg ved fjellet Chasseral, fjelltoppen er i Bern. Lågastliggande punktet er Bielsjøen på 429 moh.
Språk og samfunn
23,4% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Talemålet i Neuchâtel er i all hovudsak fransk. Tidlegare var kantonen dominert av protestantar, i dag utgjer dei 38& av folketalet. 31% av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Neuchâtel var eit fyrstedømme under ulike dynasti frå 1000-talet. I 1815 gjekk fyrstedømmet inn i det sveistiske eidsforbundet. Neuchâtel vart då det første og det einaste fyrstedømet som har vore medlem av det republikanske Sveits. Etter ein fredfull revolusjon i 1848, vart Neuchâtel ein kanton. Same året gjekk Sveits over frå å vere eit eidsforbund til å verte sambandsstat. Den styrta fyrsten, kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, stod bak fleire motrevolusjonar, den alvorlegaste hende i 1856-57. Krisa enda med at prøyssarkongen måtte seie frå seg fyrstekravet.
Merknader
↑franskRépublique et Canton de Neuchâtel, tyskKanton Neuenburg, retoromanskChantun Neuchâtel, italienskCantone di Neuchâtel.