Kyrksæterøra er ein tettstad og eit av to administrasjonssenteret i Heim kommune i Trøndelag fylke, i lag med Liabø. Staden ligg inst i Hemnfjorden, mellom fjorden og Rovatnet, og har 2 523 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Han var tidlegare administrasjonsstad i Hemne kommune
Tettstaden er eit handelssentrum og her er det hotel, daglegvarebutikkar, klede- og sportsbutikkar, frisør, verkstad, camping- og hytteutleige, småbåthamn, bank og serveringsstader. Av industri har Kyrksæterøra skipsverft, byggfirma, trevarefabrikk og avlsfabrikk for laks og regnbogeaure. Fylkesveg 680 går gjennom staden.
Kyrksæterøra har 10-årig grunnskule og vidaregåande skule med allmenn- og yrkesfag. Av offentlege tenester er det lækjar og tannlækjar, og helse- og eldresenter.
Hemne kyrkje ligg på toppen av endemorenen (Skeiet) mellom Rovatnet og Hemnfjorden.
Namnet «Kyrksæterøra» kjem opphavleg frå gardsnamnet Kirkjusoðin, 'på kyrkjesida (av elva Søa)'; siste ledd øyr, 'sandbanke'.
Kjelder
Bakgrunnsstoff