Kulturlandskapet på Södra Öland (svensk språk: Södra Ölands odlingslandskap) er eit område som omfattar 56 000 hektar sør på øya Öland i Sverige. I området har det vore verksemd knytt til landbruk heilt sidan steinalderen (3000 f.Kr.-1800 f.Kr.). Kulturlandskapet har spor av mykje menneskeleg aktivitet i form av byar, jordbruk og gjeting av buskap.
Kulturlandskapet er av UNESCO teke med på lista over verdsarv. Aust for området ligg Stora alvaret, som også kom med på UNESCO si verdsarvliste i 2000.
Området fell for ein stor del saman med kommunen Mörbylånga kommun. Sokna i nord Torslunda, Glömminge, Algutsrum, Norra Möckleby og Gårdby er ikkje med i området.
Bakgrunnsstoff
Verdsarven i Sverige |
---|
| |
Årstalla angjev når staden vart teken opp på verdsarvlista 1 Delt med Finland 2 Delt mellom Estland, Finland, Hviterussland, Latvia, Litauen, Moldova, Noreg, Russland, Sverige og Ukraina |