Kultur i 1988 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1988 .
Christian Matras var ein av fleire færøyske forfattarar som blei heidra på frimerke i 1988. Matras døydde seinare dette året.
Litteratur
Prisar:
Naguib Mahfouz vann Nobelprisen i litteratur
Utvalde utgjevingar:
Cat's Eye (Katteøyet ) av Margaret Atwood , Nervous Condition av Tsitsi Dangarembga , The Fifth Child av Doris Lessing , The Satanic Verses (Sataniske vers ) av Salman Rushdie , O Alquimista (Alkymisten ) av Paulo Coelho , Sourcery og Wyrd Sisters av Terry Pratchett
Skodespelet M. Butterfly av David Henry Hwang hadde premiere på Broadway.
Norske utgjevingar:
Adams dagbok av Knut Faldbakken , Herman av Lars Saabye Christensen , Hudløs himmel av Herbjørg Wassmo , Hvem har ditt ansikt? av Liv Køltzow , Maria, Maria av Anne Karin Elstad , Oda! av Ketil Bjørnstad , Små nøkler, store rom av Bjørg Vik
Musikk
Kø for ein Michael Jackson -konsert i Berlin i juni 1988.
Roy Orbison opplevde ny popularitet med fjernsynskonserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night , som blei send i USA i januar dette året. Samarbeidsprosjektet Traveling Wilburys Vol. 1 steig på listene og det nye albumet hans, Mystery Girl , var ferdig i november. Utamatta av innspelingar, reising og konsertar døydde han i desember av eit hjarteattakk. Hendinga blei slått stort opp over heile verda.
Utvalde utgjevingar:
Eponymous og Green av R.E.M. , I'm Your Man av Leonard Cohen , Tracy Chapman av Tracy Chapman , Seventh Son of a Seventh Son av Iron Maiden , ...And Justice for All av Metallica
Turnéar: Amnesty International arrangerte ein Human Rights Now -turné med fleire artistar, Metallica utførte sin Monsters of Rock-turné, Michael Jackson sin BAD Tour og George Michael sin Faith Tour.
Døde: Ciaran Bourke , artisten Divine , Andy Gibb , Radamés Gnattali , Sylvester James , James McCracken , Roy Orbison , Giacinto Scelsi , Kaikhosru Shapurji Sorabji , Lord Melody , Henryk Szeryng , Jaromír Vejvoda , Mogens Wöldike
Kjelder