Den giftige eigenskapen til metallet gjer at ein kan bruka det for å hindra algevekst på skip og i oppdrettsanlegg.
Messing er ei legering av kopar og sink. Bronse er legering av kopar og tinn. Desse legeringane blir mykje brukt som eit vakkert og sterkt materiale i gjenstandar og bygningar. Kopar har òg vore mykje brukt i myntar.
Utvinning
Kopar er eit vanleg metall i jordskorpa, og har vore nokså lett tilgjengeleg for tidlege menneske, som skapte bronse og bronsealderen. I Noreg finne me kopar i det kaledoniske beltet frå Hardanger til Røros, med nokre spreidde felt lenger nord.
Det meste av norsk kopar har gått til eksport. Mellom anna kler kopar frå Visnes Friheitsgudinna i New York-hamna.
Forureining
Både kopar og koparsambindingar kan vera svært giftige for biologisk liv, særleg organismar som lever i vatn. Avrenning frå koparprodukt og gamle kopargruver er derfor eit stort problem for det naturlege miljøet rundt.
Folketru
I alkymien meinte ein at kopar hadde samband med Afrodite/Venus på grunn av den vakre glansen, det at ein lenge hadde brukt kopar for å laga speglar, og fordi ein assossierte metallet med Kypros, som var ei heilag øy for gudinna. Symbolet for kopar i alkymien var derfor det same som for gudinna og planeten Venus.
Sjå også
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kategori:Kopar