Kongedømet Romania var eit kongedøme som omfatta dagens Romania, samt Moldova og delar av dagens Ukraina.
Frå 1859 til 1877 utvikla Romania seg frå ein personalunion av dei to vasallfyrstedøma Moldavia og Valakia under ein enkelt fyrste til eit heilt sjølvstendig kongedøme med eit Hohenzollern-monarki. Etter den første verdskrigen i 1918 vart Transilvania, Aust-Moldova (Bessarabia) og Bukovina slått saman med Kongedømet Romania. Dette store kongedømet vart òg kalla «Stor-Romania». På byrjinga av den andre verdskrigen i 1940 vart Nord-Transilvania, Basarabia og Cadrilater avstått til respektive Ungarn, Sovjetunionen og Bulgaria. Berre Nord-Transilvania vart gjeve tilbake etter krigen var over. I 1947 vart monarkiet avskaffa og erstatta av eit kommunistregime.
Kjelder