Det grunnleggjande nivået i lokalstyret i Serbia byggjer på kommunar og byar, som er grupperte i 29 adminstrative distrikt, bortsett frå hovudstaden Beograd, som ikkje er del av noko distrikt, men som har status på same nivå som distrikta. Det er (2024) 145 kommunar og 29 byar i Serbia.[1]
Somme av dei største byane er delte inn i bydelskommunar.
Byen Prishtina og dei 28 kommunane i den autonome provinsen Kosovo og Metohija er kontrollerte av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og utanfor kontroll av serbiske styresmakter.