Novi Pazar Нови Пазар
Sentrum i Novi Pazar Sentrum i Novi Pazar
Byvåpenet til Novi Pazar
Styresmakter
Region Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia Raška
Geografi
Flatevidd
15,34 km²
Flatevidd - By
742 km²
Innbyggjarar[ 1] - By (2022) - Byområde
106720 71462
Tidssone
UTC+01:00 (UTC )
Diverse anna
Postnummer
36300
Bilnummer
NP
Heimeside: www.novipazar.org.rs
Plassering
Plassering av Novi Pazar
Novi Pazar (kyrillisk Нови Пазар, tyrkisk Yeni Pazar ) er ein by og ein kommune i distriktet Raška i Serbia i den geografiske regionen Sandžak .
Byen har noko over 70 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 105 000 innbyggjarar.
Namn
Namnet tyder «ny basar » på det lokale språket. Namnet kjem frå det tyrkiske ordet «pazar» og det serbiske/bosniske ordet «novi» som tyder «ny».
Historie
Byen kom til liv som ein handelsenklave nær byen Ras , som var hovudstad i kongedømet Serbia i mellomalderen. Ras var ikkje ein ideell stad som stoppestad for handelsmennene som reiste langs handelsvegane på Balkan , og ein ny handelsstad vart grunnlagd nokre få kilometer frå hovudstaden (og derfor namnet på byen).
Novi Pazar fekk formelt byrettar i 1459-1461 av Isa-beg Ishaković , som òg var grunnleggjaren av Sarajevo . Dei første skriftlege kjeldene nemner Novi Pazar på 1400-talet då Rådet i Republikken Ragusa sendte ein konsul til byen. Dette vitnar om at byen då alt truleg var utvikla med vegar til Dubrovnik , Niš , Sofia , Konstantinopel , Salonica (Thessaloníki) , Sarajevo , Beograd og Budapest . Mange forfattarar skreiv om Novi Pazar og Evliya Celebi noterte at han var ein av dei største byane på Balkan på 1600-talet.
Byen var sete for Novibazar Sanjak under Det osmanske riket frå 1400-talet til 1900-talet.
Novi Pazar Sanjak vart okkupert og administrert av Austerrike-Ungarn frå 1878 til 1908. I 1908 kom området tilbake til Det osmanske riket , fram til 1912 då Serbia tok over under den første balkankrigen . Etter den første verdskrigen vart Novi Pazar mindre viktig.
Befolkningsutvikling
Historiske folketal
År
Folketal[ 2]
1948
44 020
1953
50 189
1961
58 776
1971
64 326
1981
74 000
1991
85 249
2002
85 996
2011
100 410
2022
106 720
Busetnader
Dei største busetnadane i kommunen er:[ 2]
Folketal 2002
Folketal 2011
Folketal 2022
Novi Pazar
54 604
66 527
71 462
Mur
3 407
4 169
4 818
Postenje
3 471
3 930
4 232
Pobrđe
2 176
2 889
3 602
Izbice
1 566
1 596
1 886
Kjelder
Referansar
↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements » (xlsx) . Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia) . Henta 30. september 2024 .
↑ 2,0 2,1 «" Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022. "» . stat.gov.rs . Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024 .