Kinn kyrkje er ei langkyrkje frå 1956 i Aust-Torpa i Nordre Land kommune i Innlandet fylke.
Det var kyrkje i Aust-Torpa i mellomalderen, truleg ei stavkyrkje vigsla til erkeengelen Mikael. Denne kyrkja vart utvida på 1600- og 1700-talet. Så vart ho riven i 1823, og det var meininga at Åmot kyrkje skulle ta over som kyrkje for heile Torpa. Det skjedde ikkje. I 1890 vart eit klokketårn reist på den gamle gravplassen, og på 1950-talet vart ny kyrkje oppført. Bårehuset på kyrkjegarden er frå 1971.