Kfar Pines (hebraisk skrift כְּפַר פִּינֶס, tyder Pines-landsbyen) er ein religiøs moshav nord i Israel. Han ligg i nordaust for Hadera, like ved Pardes Hanna-Karkur og Ein Iron og høyrer til Menashe regionale kommune. I 2007 var folketalet 985.
Landsbyen vart grunnlagd i 1933 av emigrantar frå Aust-Europa, og vart kalla opp etter forfattaren og rabbien Yehiel Michal Pines. Her ligg ein ulpena, ein religiøs jenteskule, kalla «Ramat Karniel» (Karnielhøgda). Han var den første ulpena i Israel and og derfor kalla «Em Haulpenot» (mor av alle ulpenaer).
Kjelder